Te Deum av Charpentier

Te Deum
H. 146
Koral av Marc-Antoine Charpentier
SjangerKormusikk
PeriodeBarokken
Typisk lengd22:31
Satsar/akter10
ToneartD-dur

Te Deum (H. 146) i D-dur er ein storslått polyfon motett av Marc-Antoine Charpentier mellom 1688 og 1698, medan han var musikalsk direktør i jesuitt-kyrkja Saint-Louis i Paris.[1] Verket er skriven for ei gruppe solistar, kor og instrumentalt akkompagnement.

Charpentier skreiv seks Te Deum-settingar, men berre fire av dei finst att i dag.[1] Ein trur at komposisjonen har vorte framført for å markere sigersfeiringa etter slaget ved Steinkirk i august 1692. Preludiet til verket er særs kjend i Europa, sidan det vert nytta som kjenningsmelodi i sendingane til Den europeiske kringkastingsunionen. Temaet er òg nytta som introduksjon til The Olympiad-filmane til Bud Greenspan.

  1. 1,0 1,1 Charpentier, Marc Antoine; Schauerte-Maubouet, Helga (preface) (2004). Te Deum (H. 146). Vocal score. Sett om av Taylor, Steve. Kassel: Bärenreiter Verlag. s. V–VIII.  ISMN M-0006-52543-0

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy